Om Smaken av Setesdal SA

Smaken av Setesdal SA består av 16 foretak fra de 4 Setesdalkommunane og blei stifta hausten 2013.

«Smaken av Setesdal» har handplukka nokre smakebiter av det du kan oppleve på reisefot til eller gjennom Setesdal. Dette er tileigna deg med medvit om lokal mat, kvalitet, lokal foredling og lokal verdiskaping! Vårt mål er at både tilreisande og fastbuande skal kunne få kjøpe og oppleve dei gode lokale varene.

Bli kjent med nokre av produkta, produsentane, utsalsstadane og serveringsverksemdene som er her. Dei foretaka som har danna Smaken av Setesdal har særskild medvit om produkta sitt opphav og formidling av lokal matkultur, nokre med tradisjonsmat og andre på trendar og utvikling av nye smaksoppleveringar. Vi er stolte av mangfaldet og dei som leverer alt dette!

Setesdal bør vere eit reisemål for mat og -opplevingar. Framover vil vi legge endå meir til rette for at den kulinariske reisa som vi har starta gjennom prosjektet ”Smaken av Setesdal” skal bli enda rikare. Nyheiter vil bli lagt ut på heimesida www.smakenavsetesdal.no, reiselivsportalen: www.setesdal.com.
Nyt smaken og smakebitane!

Prosjektet er støtta av:

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^