Matkultur

Matkulturen har rot i tilfanget av lokale råvarer frå gamalt av. Kosten var prega av matauk frå naturen med bær og fisk – og jaktbart vilt med både elg og rein og småvilt. Om vinteren fanga dei rype og anna. Jordbruket gav korn til såkalla «mjølmat» og husdyra kjøt og kyra «mjølkemat». Røyking, syrning og anna vart nytta for å gjere maten haldbar over lengre tid. Det var lite «kaupevarer» og krydder var t.d. lite nytta. Mange hadde epletre og rips – men hagebruk av noko omfang fann ein helst i nedre Setesdal. – Der var det både frukt og bær og grønsaksdyrking til husbehov. Kosten vart prega av tilfanget på råvarer –og det ein gjerne hadde knappheit på vart høgst verdsett. Mat til høgtid og festdagar i Setesdal som framleis blir mykje nytta er «fisk og spa» og «Suppe og lepse» (Setesdalssuppe). I Setesdal nyttar dei tyttebær i blautkaka – det bør du og prøve!

I dag leverer landbruket i hovudsak råvarene til foredling. Tine Meieriet på Byglandsfjord har nisjeprodukt som Kvitseidsmør, rømmegraut og lisensproduksjon av spissprodukt som «Søren så godt»-smøret. I Setesdal kan du og få lokale nisjeprodukt og kortreist mat med spekekjøt, frukt og bær i sesong, bakevarer og anna. Nokre produkt finn du berre her – som fisken Bleke. Sjå produsentoversikta og oversikta over serveringsstader.

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^